Ã…sa Elstad

I denne smakebiten presenterer Åsa Elstad eit utdrag frå kapittel 16 i band 2, som handlar om fisketilverking i perioden 1815-1880. Her får vi blant anna innsyn i levekår og arbeidstilhøve i sildeværa, og ei forståing av korleis sildeinnsiga påverka den demografiske utviklinga langs kysten.                 

    «her et Liv og en Færdsel som var man i en af Europas store Havne»                                                     

Når silda for alvor slo til, strøymde folk til sildeværa. Slik blei Røvær i Rogaland skildra i 1867:

 «(…) da er Havnene og Bugterne aldeles optagne af Fartøjer og Baade.(…) Baaderne ere tilstede i tusindvis og Fartøjerne i hundredevis; her et Liv og en Færdsel som var man i en af Europas store Havne, og under et Besøg herude i den livlige tid han man ondt for at tænke sig hensat paa nogle Udøer ved Norges barske Kyst»

Ved vintersildfisket utanfor Kinn i 1857 kom for eksempel dei fleste av dei 200 ganejenter som var i arbeid der frÃ¥ Bergen, Stavanger og Koparvik. OgsÃ¥ til uthamnene pÃ¥ Sørlandet kom dei langvegs frÃ¥, kan ein lese i amtformannsskapsforhandlingane frÃ¥ Nedenes i 1871: «At gane og salte silden er mest fruentimmer-arbeide og ved salterierne i udhavnerne kan man se flokker af kvinner, som ere komne langveis fra».

Det blei ofte «trongt om saligheita» der sildearbeidarar og fiskarar skulle innlosjerast. Oppsynslege Nicolaysen meinte ein praktiserte same metode som på «den almindelig antagne rumbesparende Maade at nedlegge Sild paa» på «levende aandende Mennesker», kort sagt budde dei som sild i tønne. Dei større saltarane tilbaud ofte salteriarbeidarane fritt hus mot plikt til å arbeide for dei så snart der var sild som skulle verkast. Det blei etablert oppsyn i dei største sildeværa både under vårsildfisket og storsildfisket, og oppsynet hadde ansvar for ro og orden på land og kunne gripe inn om det vart bråk. I fleire sildevær og sildefjordar var lensmenn og doktorar uroa over at alkoholkonsumet auka og «sædeligheten» minka når så mange lause og ledige folk var samla på same stad. Sildeværa trakk også til seg alle som ønska å gjere forretning. Under storsildfisket på Helgeland i 1871 blei det for eksempel registrert både øl- og vinhandlarar, kafévertar, «artistar», urhandlarar og andre handelsmenn.

Etter eit overslag i toppåret 1849 rekna ein med at det under vårsildfisket på sørafeltet var over 10 000 ganarar og saltarar i arbeid. Då fyrdirektør Arntzen følgte vårsildfisket på nært hald vinteren 1849, noterte han at dei fleste sildearbeidarane var kvinner og gamle folk, men også ungar ned til 14-15 år stod ved sildetønnene. I ein reportasje i Norsk Folkeblad i  1867 blei det hevda at det følgte «en egen munterhet med sildetrafikken», anten det no hong saman med «den livlige spekulation», eller det var på grunn av tanken på forteneste, ikkje minst for kvinnene, som ikkje så ofte elles fekk høve til kontantinntekter: «Naar det ryktedes, at silden var kommet, blev der liv paa pakkboderne. Kvindene ganet silden under latter og sang, og mændene saltet og pakket og fraktet tøndene paa plads.» Etter å ha stått rett opp og ned og gana sild nokre dagar i kalde, trekkfulle, opne buer, satt kanskje ikkje latteren og songen så laust lenger, ryggen verka og saltet svei nok i sår hud på hender og armar.

Ganinga og saltinga blei betalt etter akkord, og lønnene varierte. Ikkje sjeldan var det mangel på ganejenter, og då steig sjølvsagt akkorden. På 1850-talet var det ikkje uvanlig at kvinner i Kinn kunne tene frå 10 opptil 30 spesiedalar på ein sesong. For denne lønna måtte jentene gane opptil 25-30 tønner på ein dag. Årslønna for ei tenestejente var då 10-12 spesiedalar pluss hus og kost. På 1860-talet kunne ei sesonginntekt nærme seg 50 dalar enkelte stader. Jenter kunne tene like mykje på verkinga som det mange gutar fekk i lott som sildefiskarar. Ofte fekk verkarane, eller teinejentene som dei òg blei kalla, ei tønne saltsild i tillegg til kontantane.

Det er derfor ikkje til Ã¥ undrast over at det blei klaga over at sÃ¥ mange ungdommar heller reiste til sildeværa for Ã¥ fÃ¥ seg arbeid enn Ã¥ ta fast teneste. Distriktslegen i Lurøy i Nordland hevda  for eksempel at gras stod uslÃ¥tt inne i fjordane langt ut i september, husmødre som før hadde hatt to-tre tenestejenter var utslitte fordi dei hadde mÃ¥tta gjere alt sjølv mens jentene var pÃ¥ sildesalting – «men der blive endnu mere dandset, og naar hun kommer hjem, er hun forlovet med en eller anden Søring. Det viser sig ogsaa snart at hun ogsaa er frugtsommerlig, og saa maa hun gifte sig».  Men det var heller ikkje uvanlig at tenestejenter ogsÃ¥ arbeidde med silda. FrÃ¥ Haugesund blei det for eksempel fortalt at «det var vanleg avtale med matmorÃ¥, at dei sku fÃ¥ gÃ¥ i sildÃ¥ og likevel ha løn, kost og hus mot at hu fekk halvdelen av det dei tente med sildarbeie.»

Då vårsildfisket på Vestlandet tok slutt, vart det krise for mange, men særlig for fiskearbeidarane. Mange notdrivarar og fiskarar reiste nordover for å delta i storsildfisket, men det var færre alternativ for dei som arbeidde med tilverkinga. I enkelte område, som i  Kinn, var nauda så stor at det blei sett i gang ei landsomfattande innsamling til dei naudlidande.

Sildefiskeria og arbeidet på salteria fekk også konsekvensar for befolkningsutviklinga, både fordi dei medverka til ei flytting frå indre strok til dei ytre fiskeriområda og fordi dei bidrog til etablering av tettstader og byvokster. For eksempel var Flekkefjord sildemetropol på 1820-30-talet, om Haugesund blei det sagt at byen vart «bygd på sildebein og sildarisp» og i sildehamna framfor nokon, Stavanger, blei folketalet nesten tidobla mellom1815 og 1875. Ikkje alle sildehamnene fekk så lang levetid. Der silda var ein kortvarig gjest, slik det for eksempel var i mange område i Nordland, blei salteria flytta vekk og berre murane stod  igjen av det yrande travle livet rundt sildetønnene.

Norges fiskeri og kysthistorie
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
E-post: webredaksjon.nfkh@uib.no