Karl Egil Johansen
MÃ¥nadens smakebit kjem frÃ¥ Karl Egil Johansen, professor ved Høgskolen i Bergen. Han skriv om perioden 1880-1920 i band 3, og som smakebit har han valt ut ein rammetekst som viser korleis sildas gÃ¥tefulle vandremønster kunne pÃ¥verke kystfolkets vandringar i bÃ¥de geografisk og sosial forstand.  Â
 Frå ytre Nordfjord til Ytre Namdalen
 Svikten i vårsildfisket på 1870-talet gjorde at mange fiskarar på Vestlandet reiste nordover for å vere med i fiskeria der. Denne sesongpendlinga nordover førte for somme over i varig busetnad, særleg i Lofoten og Vesterålen, men også på Helgelandskysten og i Nord-Trøndelag. Blant dei som flytta hit, var oldeforeldra til senterpartihøvdingen Johan J. Jakobsen på farssida. I slektshistoria Med røtter i Kyst-Norge. Frå ytre Nordfjord til ytre Namdalen (2011), fortel Jakobsen om denne flytteprosessen.
Slekta kom frå Gloppen i indre Nordfjord, men som mange andre innfjordingar flytte dei ut til kysten i dei gode vårsildåra. Økonomisk sat dei trongt i det. Då Samson Jakobsen, oldefar til Johan J., vart fødd i 1842, budde familien på ein husmannsplass i Vågsøy. I tillegg til fisket livnærte faren og mora seg som tenestefolk. Ved folketeljinga i 1865 står Samson oppført som fiskar og medhjelpar til mora, som var blitt enke. Han var då 23 år gammal, og hadde gifta seg. Kona Johanne kom frå ein gard i nærleiken. Litt seinare, truleg i 1866, flytte dei til ein husmannsplass i nabokommunen Bremanger.
Kvifor dei flytte, er uvisst. Kanskje ville dei kome endå tettare på vårsildinnsiga sidan Bremanger-Kinn var den meste sentrale fangsstaden i Sogn og Fjordane. Men flyttinga kom slik sett for seint – nokre få år seinare tok fisket til å svikte og snart let havet seg heilt att for både sild og torsk. I 1880 var derfor Samson og Johanne med ein barneflokk på fem igjen på flyttefot. Med dei reiste også mor til Samson og syster hans med mann og born. Denne gongen gjekk ferda til Hestvika utanfor handelsstaden Abelvær i Nærøy. Her kjøpte dei jord og bygde seg kvar sitt småbruk.
Etter bygdeboka var jordvegen god, men liten. Som i VÃ¥gsøy og Bremanger mÃ¥tte derfor levemÃ¥ten mykje hentast frÃ¥ havet. Eldste son til Johanne og Samson, Jakob, fekk seg arbeid hos Niels Chr. Brandzæg, som Ã¥tte bÃ¥de handelsstaden Abelvær og Sør-Gjæslingan, største fiskeværet i ytre Namdalen. Jakob var fyrst mannskap pÃ¥ Brandtzæg sine bÃ¥tar, seinare vart han «bryggemann» og oppkjøpar av fisk for Brandzæg. Sosialt og økonomisk mÃ¥ dette ha representert eit stort steg oppover. I 1886, 21 Ã¥r gammal, gifte han seg med ei trønderjente, 19 Ã¥r gamle Gurine. Dei budde fyrst i lag med resten av familien i Hestvika, seinare bygde dei seg hus i Abelvær og flytte dit.                                                                                 Â
Gurine og Jakob fekk 10 born. Nummer sju, Harald Jakobsen, fødd i 1899, var far til Johan J. Jakobsen. For Harald gjekk vegen bort frÃ¥ Abelvær og den nære tilknytinga til havet. Etter utdanning ved Statens SmÃ¥brukslærerskole pÃ¥ Sem i Asker, kjøpte han i 1932 garden Lønset pÃ¥ Spillum, i dag del av Namsos kommune. Utanom garden fekk han stilling som «vandrelærar» for landsbrukskontoret i Nord-Trøndelag, seinare som fylkesagronom. Sonen Johan J. overtok garden pÃ¥ Spillum i 1963.