Atle Døssland

Månadens smakebit kjem frå professor Atle Døssland frå Høgskulen i Volda. Døssland er redaktør for bind II av Norges fiskeri- og kysthistorie, og skriv om perioden 1720–1815. I dette utdraget diskuterer han i kva grad historikaren kan bruke kjelder som omtalar levekåra i fiskeværa til å trekke slutningar om tilstanden i fiska.     

 Sårbare fiskevær

Kan vi til ei kvar tid bruke situasjonen i dei mange reindyrka fiskeværa langs kysten som barometer på tilstanden innan dei eksportretta fiska? Nokre situasjonsglimt ved utgangspunktet av Den store nordiske krigen 1709–1720 tyder på meir kompliserte samanhengar.

I fiskeværet Grip på Nordmøre var det ti til tolv fastbuande fiskarar med huslydar då krigen starta. Det fortalde i alle fall Sophia Heiberg våren 1722. Ho var den fattige enka etter kapellanen i Kvernberg prestegjeld, Nicolai Tøstrup. Han hadde utført prestetenesta på Grip. Men dei fleste fiskarane hadde blitt utkommanderte som båtsmenn i den dansk-norske marinen. Av dei attverande tok havet nokre kvart år. Sistpå var kyrkjelyden der berre på nokre og tjue personar: enker, gamle krøplingar og barn. Det var desse utfattige menneska som skulle greie ut kapellanløna. I staden vart det oftast slik at hjelpa måtte gå den andre vegen ”naar nøden tvang.”

Liknande elendige tilstandar var det etter krigen også på fiskeværa kring Smøla i det same futedømet, særleg Brattværet og Odden. Også her var det ei kapellanenke som alt i 1714 klaga over tapte inntekter: ”Allmuen i Brattvær og Veien fiskevær nu er ganske forarmede formedelst fiskeriets årlige avtagelse, så den gemene mand nesten ere betlere, og de der handel brukte i like måte derover forarmet”. Mykje av dette vart også stadfesta av matrikkelkommisjonen som hadde synfaringar i 1722. Litt lengre sør kunne også romsdalsfuten melde at det før hadde vore seks værmenn i Ona fiskevær, men no var det berre to tilbake, og dei var svært fattige.

Det var mange slike fiskevær med fast heilårs busetjing frå Romsdalskysten til Nord-Trøndelag. Klart flest heilårs fiskevær var det likevel i nordlege delar av Nord-Noreg frå Vesterålen til Varanger. I det fiskeværsprega Andøy hadde det vore høge dødstal i åra 1715–19. I dei tidlege etterkrigsåra 1723–25 var der framleis fleire døde enn fødde. Dei same åra hopa skatterestansane seg opp, og dette samanfallet er neppe tilfeldig.

Ut frå levevilkåra kan det meste av den såkalla «norske» busetjinga (til forskjell frå den samiske) i Finnmark denne tida kallast fiskevær. Talet på slike busetjarar, eller «rettighetsmenn» som dei vart kalla i futens lister, hadde auka kraftig på slutten av 1600-talet og halde seg bra oppe like til 1715, men frå då bikka det kraftig nedetter. Handelsforvaltar Albert Smit i Vadsø hevda i 1715 at folk i området var i ferd med å krepere av svolt. Årsaka til dette er at styresmaktene nett dette året brått innførte frihandel, og at Bergens-kjøpmennene dermed ikkje lenger hadde særleg ansvar for å få fram forsyningar. Andre samtidige observatørar såg derimot langt lysare på forsyningssituasjonen. Fisket i Finnmark synest derimot å ha vore bra like til 1720, elles var Finnmark friteke for utskrivingar både til hær og flåte.

Dette er ikkje einaste gongen vi høyrer om dramatiske omveltingar i fiskeværa. ”Sårbar økonomi – sårbar bosetning” og ”sjansespill” er då også omgrep som er blitt knytt til desse samfunna. Det utrygge ved å vere så einsidig avhengig av fjernhandel har vore særleg framheva. I skildringane ovanfor er det likevel uklart om det var sjukdom, harde utskrivingar til flåten, skattebør, dårleg forsyning eller dårleg fiske som var mest avgjerande, kanskje var det også ulikt landsdelane imellom. Utførsla av fisk hadde slett ikkje stoppa opp under krigen. Frå den meir kjelderike tida mot slutten av 1700-talet veit vi til dømes at det i fiskeværa, liksom i byane, nærast konstant døydde fleire enn det vart fødde. Først og fremst var dei utovervende, men tettbygde småsamfunna ramma av epidemiar, men mange omkom også på havet. Ein stopp i den elles nokså omfattande tilflyttinga kunne altså i seg sjølv vere god nok årsak til at folketalet i fiskeværa minka.

Norges fiskeri og kysthistorie
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
E-post: webredaksjon.nfkh@uib.no