Rune Hornnes
Rune Hornnes. Ph.D.-stipendiat ved Universitetet i Bergen. Master i historie ved Universitetet i Bergen frå 2006. Har sidan arbeidd med lokalhistorie.
Ph.D.-prosjektet har arbeidstittelen “Vitskapen som rettesnor i fiskeriforvaltninga, 1945-1977”. Etter andre verdskrigen rådde ein sterk optimisme om at fiskerivitskapen om kort tid ville vere så moden at mennesket kunne auke fiskeinnsatsen og samtidig sikre at fiskebestandar ikkje blei overfiska. Auken i ressursuttaket blei realisert ved at ei rekkje land bygde effektive havfiskeflåtar som med moderne teknologi kunne leite opp fisken langt til havs. Men den vitskapsbaserte fiskeriforvaltninga klarte ikkje å levere presise råd som kunne sikre ei berekraftig utnytting av ressursane. Den eine fiskebestanden etter den andre blei overfiska, og somme bestandar kollapsa. Hornnes vil undersøke korleis diskursen om overfiske endra karakter gjennom etterkrigstida, og korleis overfiskeproblematikken blei definert og handsama som politisk saksfelt.
Rettleiar i prosjektet er Nils Kolle, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Bergen.