Trudi Henrydotter Eikrem
Trudi Henrydotter Eikrem. Ph.D.-stipendiat ved Universitetet i Bergen/Høgskulen i Volda. Utdanna ved NTNU med hovudfag i historie frå 1996. Etter utdanninga har Eikrem mellom anna jobba som journalist i NRK, og som lærar. Ho har også skrive bedriftshistorie for Jets-konsernet på Hareidlandet.
Ph.D.-prosjektet starta 1. august 2011 og er knytt til temaet norsk klippfiskhandel på 1800-talet. Arbeidstittelen er: Regional klippfiskproduksjon i ein global marknad. Norsk klippfiskeksport til det portugisiske imperium og kultursfære på 1800-talet. Ein transnasjonal studie av norsk klippfisknæring.
I åra mellom 1815 og 1880 skjedde det ei 27-dobling i utførselen av norsk klippfisk. Sentrum for produksjonen låg i Møre og Romsdal, og marknaden på den iberiske halvøya tok mellom 80 – 90% av klippfisken. Framveksten av klippfisknæringa skjedde soleis i samspel med økonomiske, kulturelle og historiske vilkår på den iberiske halvøya. Korleis kan ein gjennom analyser av aktørar og strukturar i eksportregionen Møre, og den portugisiske/iberiske importmarknaden, forstå den ekspansive utviklinga i norsk klippfisknæring på 1800-talet?
Rettleiar i prosjektet er førsteamanuensis Camilla Brautaset ved Universitetet i Bergen, og birettleiar er professor Arnljot Løseth ved Høgskulen i Volda.